2015/02/06

Klar for NM 2015!

I morgon brakar det laus for Oster Brass i NM. Vi spelar kl 10:45 i den store salen i Grieghallen. Korpset er i form etter ei god oppkjøring! Vi høyrast!

Under finn de utklipp frå Nordhordland Avis som vart laga då vi hadde konsert på mandag i Grieghallen saman med Krohnengen Brass Band og Eikanger-Bjørsvik Musikklag. Ved å trykka på biletet kjem de til artikkelen på norhordland.no.



Irene Bratteng JenssenE-post
 
  
Publisert 04.02.2015 kl 16:18 Oppdatert 04.02.2015 kl 16:18


På lørdag skal dei til pers igjen, og i år skal det unge korpsbandet, Oster Brass, spela det sjølvvalde stykket «English heritage» av George Lloyd.
– Vi er betre no enn kva vi var i fjor, ei veke før NM, seier Erik Træland Hella (16), Christina Rømo (19) og Simone Kartveit (20).

–Viktig å øva i Griegsalen

Dei tre er optimistiske føre helgas NM, og både trur og håper dei når langt.
– Det var både viktig og herleg å få spela i Griegsalen igjen. Det er jo stor forskjell frå dei ulike salane vi speler i, det var difor godt å vite korleis det følast å spela akkurat her, før sjølve dagen, seier Christina rett etter tirsdagens Før-NM-konsert.
– Det er ein spesiell sal å spela i, den skil seg få alle andre, seier Erik, som meiner bandet har eit mykje betre utgangspunkt i år enn dei hadde før NM i fjor.

– Har litt å jobba med

Sjølv om dei unge musikantane så og sei er heilt klar til helgas store hending, er dei glade det enda er nokre dagar igjen.
– Vi har litt å jobba med endå, vi har mellom anna nokre småfeil som må lukast bort. Men dei er heldigvis ikkje så vanskelege å få vekk at vi ikkje skal klara det, seier Simone.
– Eg trur ting sitt veldig bra til helga, legg Erik til.

Årets høgdepunkt

NM er for dei fleste korps årets absolutte høgdepunkt, og det er difor mykje øving og slit som skal til før alt sit som det skal.
– Januar er heilt klar den mest slitsame månaden i året, men vi har det utruleg kjekt i lag, så vi har det gøy medan vi førebur oss, seier Christina.
– Det er NM vi jobbar for heile livet, men med ein så fin gjeng og god stemning oss mellom, går det veldig bra, seier Erik.

–Fullt køyr vekene før NM

Leiar i Eikanger-Bjørsvik Musikklag, Viggo Bjørge har stor tru på helgas store hending.
– Vi er absolutt i rute! Vi gler oss til å spela til helga, og øver kvar einaste dag dei siste to vekene før NM, seier han.
Eikanger-Bjørsvik skal spela «Of Distant Memories» av Edward Gregson og Audivi Media Nocte av Olivier Waespi.

2014/11/03

2. plass i Siddis!

Etter ei god oppkjøring med Bengt Florvåg i spissen var korpset i knallform. Vi leverte vår beste gjennomføring av konkurranseprogrammet på scena i Stavanger konserthus, noko som resulterte i ein solid 2. plasss i 1. divisjon!

Under finn de eit utklipp frå Strilen si nettside:

2014/01/03

2013: Det store andreplass-året for Oster brass

2013 starta med brass-NM i Grieghallen 9. februar. Oster spelte "Brass Blót" av Håkon Berge, og var eit av to korps som valde eit stykke norsk musikk av alle deltakande i NM. Me hadde ei fin oppkjøring, ei positiv oppleving på scena, klinka til, og vart løna med ein flott andreplass, kun slått av Bjørsvik Brass. 2. plass i 1. divisjon det beste resultatet NM på lenge for Oster!


Oster Brass på scena. Foto: Rolf Hestetræet

Erik Træland Hella på scena under premieutdelinga på NM


Oster Brass har fleire gongar delteke i Grenland Internasjonale Brassfestival, og 2013 var ikkje eit unntak. I år tenkte me stort og melde oss på i elitedivisjonen etter det gode resultatet i NM. Pliktnummeret var "Searching for Light"av Stig Nordhagen. Før Grenland-konserten var saman med Krohnengen Brass Band og Rong Brass i Logen i Bergen, ein god generalprøve for korpset.

I elitedivisjonen i Grenland er det tre konsertar: kyrkjekonsert i Skien kirke, pliktnummer og underhaldningskonsert dagen etter i konsertsalen. Konkurrentane var Oslofjord Brass og Montebello, og når resultata kom vart Oster lest opp på 2. plass føre Montebello. Slett ikkje verst for debuten i elitedivisjon! Med det tok Oster Brass sumarferie, og sesongen 2012-2013 var over.
Frå kyrkjekonserten i Skien kirke


Etter sumarferien var det første for Oster Brass å halde konsert under BrassWind-festivalen til Manger Musikklag, heime på Manger. Me førebudde eit variert program, og det kom mykje folk på konserten.

Bilete frå BrassWind-konserten på Manger


Neste var Siddis Brass, og nok ein andreplass i førstedivisjon for Oster Brass, kun slått av Alexander Brass. Igjen eit kjemperesultat!

Trombonekvartet på "Før-Siddiskonsert" i Knarren
 
Erik Træland Hella, Geir Rydland og Nils Arne Træland. Bilete frå Siddis

Etter Siddis har me hatt Reid Gilje som gjestedirigent, på dei to siste konsertane dette året. Først ut var det "Brassvake" med Radøy Brass på Manger Folkehøgskule. Me førebudde eit program sett saman av musikk frå Siddis, og mykje ny musikk. Etter konsertane med påføgjande massed-band hadde me felles avfrasering med pizza og sosialisering saman med Radøy Brass på Dale Grendahus der dei har øvingane sine. Ein kjekk kveld!

Før jul var det mykje nissespelingar i Knarvik senter: kvar måndag i desember, kundeklubbkveld i senteret og julegateopning, alt før jul. Me hadde vår siste konsert i for året saman med Kor é Resten sundag 15. desember for eit fullsett Knarvik Misjonshus.

Me takkar Torstein Aagaard-Nilsen og gjestedirigent Reid Gilje for super innsats i 2013, og me gler oss til å ta fatt på det nye året.

Godt nytt år!

2013/11/11

2. plass i Siddis Brass!






  
Oster Brass er svært nøgde med resultatet me fekk i Siddis Brass i Stavanger 2.november. Me vart kun slått av Alexander Brass og vart nummer to med 93p +7p, noko som er det beste resultatet Oster Brass har prestert i Siddis på fleire år. Kjempegreier!

Takk til Torstein for det gode arbeidet, dette teiknar bra for resten av sesongen.

Det neste for Oster Brass no er "Brassvake" med gjestedirigent Reid Gilje, ein konsert med påfølgande sosialisering arrangert av nabokorpset Radøy Brass. Meir informasjon om denne konserten kjem plutseleg.




2013/10/31

SIDDIS 2013

Endelig er den beste helga på hausten her, Siddis Brass! Me er alle ivrige, spente og førebudde til konkurransen. Oster skal spela eit innhaldsrikt program som vår dirigent Torstein har sett saman.
Me starter med "A Festive Prelude" skriven av Stephen Bulla. Dette var pliktnummer i det første siddis for 30 år sidan, i 1983.
Vidare kjem det to stykker av vår dirigent Torstein Aagaard-Nilsen. "InteraktivMegaGigaRytme" som han skreiv til Manger Skulemusikklag i 2003 og fjerdesatsen i stykket "Dampsanger" som han skreiv til 150 års - jubileet til "Skibladner".
Neste song er ein trombonekvartetten " It's all rigth whit me" arrangert av Tom Brevik. Solistar er Susanne Vaktskjold, Solveig Lien, Marcus Stangeland og Harald Rongevær.
Me fortsettar videre med med musikk av Torstein, "Nocturne", eller nattmusikk som den heiter på norsk
Til slutt skal me spela ein song komponert av ein slagverkar frå England som verkelig er i elden: "Where Eagles Sing" av Paul Lovatt-Cooper. I det heile tatt eit spanande og utfordane progam for både nye og  rutinerte ostermedlemmer.

I år som i fjor skal me spela i Stavanger Konserthus, men ikkje i den store salen. Me skal spela i salen ved sidan av som heiter "Zetlitz". Oster Brass går på scena 15.45 laurdag 2. november. Kom og høyr på oss!

Hvis du ikkje har muligheit til å reise til Stavanger kan du også sjå oss direkte på TV2 Sumo. Her  blir opptaka liggende ei stund, så du kan sjå oss fleire gonger.

Me vil ønske alle korps lukke til og håper å sjå deg i salen når me skal spela!


Bilder frå Før-Siddiskonserten vår i Knarren.
Radøy Brass og Oster Brass